
Epleriet
I enden av den største frukthagen, med panoramautsikt over Fisterfjorden, ligg det nye selskapslokalet vårt. Etter ein konkurranse på Facebook blei navnet «Epleriet», noko som me syns passar godt til både historia vår og oss. Det begynte nemlig med eit eple for vår del (ja, mange fleire enn eitt eple då!). Me overtok ein fruktgard med epleproduksjon som var moden for oppgradering, og «det balla på seg» som me seier. Me fekk lyst å utvida produksjonen med pærer, og etter kvart også moreller. Til slutt (??) kom altså selskapslokalet, med både gardsutsalg og kjøkken. Her produserer me vårt eige syltetøy, hermetiserer moreller og torkar eple. Nå har me fleire føter å stå på og trives supergodt med variasjonane det gjer oss i kvardagen!
Kapasitet og fasilitetar: Me har sett ei grense på 120 gjester, men har plass til fleire om det skulle vera nødvendig. I hovudsalen, Drivhuset, kan me dekke til vel 90 personar og likevel ha god plass til servitørar og litt beveging. Det går fint å dekke videre innover i den andre salen og der er 3 skjermar så alle skal få sjå greit det som blir vist der. Men me anbefalar alltid å teste på førehand at teknologien fungerer med din pc/mobil, at me har rette overganger osv. Me har eit godt lydanlegg med teleslynge, 1 bøylemikrofon, 1 håndholdt og 2 mikrofonar med ledning. I tillegg har me eit eletrisk piano som er litt slitt men fungerer greit. Alt er til fri benytting.
Meir om Epleriet: Huset vart teikna av Gordon Sunde, ein favoritt- arkitekt og tømmermann som me har veldig gode erfaringar med. Me formidla tankar, draumar og bilder til han, og resultatet blei altså dette flotte og praktiske bygget som me har kalla Epleriet. Tankane var først og fremst at huset skulle passa inn i landskapet, ein skulle nesten tru det var eit gamalt bygg som hadde stått her lenge. I tillegg var det ønsker om å få mest mulig lys og natur inn i huset, og det vart løyst med vindauger får golv til tak. Ja til og med taket i hovudsalen blei bygd med glas, så det blei fort naturleg å kalla dette rommet for Drivhuset! Nå elskar me kjensla av å vera ute og inne på same tida, og kjenna, sjå og høyra vèret. Frukthagen med epler og pærer kjem nesten inn i huset, og den gnistrande Fisterfjorden breier seg ut framføre oss på andre sida av bygget. Me er så glade for at Gordon sa at me ikkje måtte felle alle trea på nedsida av Epleriet, for nå står det igjen nokre flotte store furutre som rammar inn utsikta på ein heilt spesiell måte. Me kan altså dekke til ca 90 mann i dette rommet, med god plass for både gjestar og servitørar.
I tillegg til hovudsalen, Drivhuset, er det eit rom innføre som er delt med foldedører i glas som me kan åpne heilt opp. Me kallar rommet for Pakkeriet. Her har me ofte sofagrupper eller gjerne fleire langbord dersom ikkje alle får plass i Drivhuset. Her er også eit stort panoramavindauga med utsikt over fjorden og fleire vindauger som startar på golvet og sluttar nesten heilt oppe i mønet. Desse vindauga er smale og gjer at rommet får eit lunare preg, men likevel mykje lys og varme frå granpanelet som veggane er kledde med. Vidare herifrå kjem ein til to toalett, det eine er universelt utforma. Lengst bak er lageret, og det er alltid godt å ha! Spesielt når ein elskar å ommøblere, skifte ut pynt og byte rundt på ting!
I motsatt ende av Drivhuset er gardsbutikken, og det er her hovudinngangen er. Det er alltid nokon som syns det er kjekt å kjøpa med seg eit minne frå dagen. Eplemost, syltetøy, torka eple og dessertmoreller er kjekke og spesielle, ureiste produkt som gjestane gjerne har fått smaka på som ein del av menyen. Mange syns det er kjekt å dela smaksopplevinga med dei heime eller gje som gåve. I tillegg har me litt interiør, heimestrikk og faktisk ei eiga Helgøybok! Denne kom ut for nokre år sidan og det er Marit (som vaks opp på Helgøy) og mannen Kristian Byberg som har samla inn historier og bilete frå livet på øya frå gamalt av til nå. Hyttefolk, slekt og venner deler opplevingar frå feriar og kvardagar, og boka har blitt ein verdifull skatt for veldig mange. Ein kjempeflott måte å ta vare på minnene!
Kjøkkenet på Epleriet er blitt funksjonelt og fungerer godt både til å lage mat og vidareforedling. Me har til og med fått oss pauserom og eige personaltoalett!
Når det gjeld valg av interiør så har me heile tida tenkt at det skal vera mest mulig naturlege og bærekraftige materialer. Alle borda har me laga sjølv, og dei er tunge og solide. Ein del av stolane og sofagruppene er av bambus, eit bærekraftig og tøft materiale som me har god kjennskap til frå fruktdyrkinga. Frukttrea er nemleg bundne opp til kvar sin bambusstokk, så på den måten får me også hagen endå meir inn i huset! På det eine toalettet er det ein vask av ekte stein, og det andre toalettet er tapetsert med tapet frå ein bjørkeskog. Dersom du tek bilde av deg sjølv framføre tapetet ser det ut som om du er djupt inne i skogen!
På utsida støypte me (nei faktisk Gordon det og!)ein stor platting som gjer at mindre grus og sand kjem inn i huset. I tillegg blir det nesten som eit ekstra rom med benkar og bord, og god danseplass til dei som vil det! Me har også høgtalarar ute som me prøver å huske å skrue ned mot natta for å ikkje halde nabolaget vakne 😊


























