Skip to content

Om oss

Kristen vaks opp på garden saman med foreldre og 4 søsken. Dei levde av frukta før faren Jon Arne og bror hans, Håkon kjøpte seg ein skyssbåt og begynte å føra skuleungar til fastlandet. Etter kvart som Helgøy Skyssbåt vaks fram utdanna

Kristen seg til skipper. Nå trivs han godt med variasjonen med å vera på sjøen og på garden.

Anne Norunn er frå ei anna øy, Talgje i gamle Finnøy kommune. Ho vaks opp på gard med foreldre, 3 brør og besteforeldre i nabohuset. I fjoset var det melkeproduksjon og i drivhuset blei det dyrka tomater. Anne Norunn utdanna seg til sjukepleiar og har jobba ein del år i Hjelmeland kommune, innimellom fødselspermisjonar. Nå har ho sitt daglige virke på garden der hovudnæringa er produksjon av frukt til konsum, og etter kvart også turisme.

Me har 4 ungdommar som er flinke å hjelpa oss på garden. I tillegg får me god hjelp av foreldre, svigerforeldre, andre familiemedlemmer og venner. Det er kjekt å jobba i lag!

Back To Top