Skip to content

Bryllup

Me elskar å arrangere bryllup! Heile prosessen frå første kontakt med avklaringar av ønsker og behov, å få visa fram lokalet og bli kjent med brudeparet og dei rundt, og til slutt få vera med på den store dagen er utrulig givande. Gleda, forventningane og forelskelsen smittar!

Lokalet/fasilitetane:
Under fana «Epleriet» kan du lesa meir om lokalet og fasilitetane. Kvart bryllup er ulikt, men rammen rundt er nokså lik. Me kan ha borda dekka kl 12 dagen før slik at de kan koma med blomar, bordkort og serviettar.  Me har eletriske kvite kubbelys til fri benytting, men om de ønsker levande lys må desse vera i ein sylinder eller liknade pga brannfaren og at ikkje talg renn ned over dukane. Ta gjerne med kaker og alt anna slik at det er minst mulig å tenke på på sjølve bryllupsdagen!  Dei fleste vigslar seg før dei kjem til oss, og brudeparet reiser til fotograf mens gjestane kjem til Epleriet. Her kan me for eksempel tilby kaffi, frukt og eplemost i ventetida. Omvisning og historie er alltid inkludert i prisen hjå oss, men ein kan sjølvsagt velge å takke nei dersom ein ikkje tenker det passar. Det vil uansett kome som ei eiga linje på fakturaen. Omvisninga har me somregel i denne ventetida. Då ruslar me rundt i hagen og fortel om fruktdyrkinga og satsinga. Er det moden frukt på trea så blir det sjølvsagt smaksprøvar! Omvisninga vil variere med årstida, veret og forholda. Me har også bilete som me viser på skjerm inne som viser historia og kan vera eit greit alternativ om det regnar.

Brudeparet ankjem ofte festen hand i hand ned ei rekke i frukthagen, til vill jubel frå gjestane og musikk frå anlegget. Dette er eit magisk øyeblikk og markerer starten på festen! Så går gjestane til bords og toastmasteren tek leiinga. Det er han/ho/dei me på kjøkkenet forheld oss til gjennom kvelden. Det peier å gå veldig fint! Me ønsker at festen skal vera slutt i 00.30 tida om ikkje anna er avtalt. Då har nokon av gjestene fått ansvar med å ta med det som er brudeparet sitt av blomster, gåver osv (Me har ofte arrangement dagen etterpå og må gjera klar til dette). Me ønsker ikkje bruk av konfetti hverken ute eller inne, og rakettar er sjølvsagt ikkje lov å bruka av hensyn til naboar, dyr og brannfare.

Mat og drikke: Me lagar all maten sjølv og har ein eigen bryllupsmeny som de får på etterspørsel. Til drikke har me ulike sortar av eplemosten vår og mineralvatn. Me har ikkje skjenkeløyve så bryllupsfestane er alkoholfrie.

Me held kaffi/te til heile festen. De kan ha med kakebordet sjølv, og me har kakespader, fat, skåler og det som trengs. Me ønsker at kakene er mest mulig ferdig pynta for me har ikkje anleding til å ha gjester inn på kjøkkenet. Me kan også vera behjelpelige med å skaffe kaker om ønskelig.

Pris: Pris kjem an på antal gjestar, høg/lågsesong og valg av meny. Me pleier å ha ein kuvertpris og i tillegg kjem drikka. Dersom det er eit veldig lite bryllup kjem husleiga i tillegg, men til vanleg er den innbakt i kuvertprisen.

    Kontakt oss i dag

    Navn og Etternavn:*

    E-post:*

    Telefon:*

    Melding:*

    Kryss av her for å sende meldingen til Epleriet. Kopi vert sendt på e-post

    Back To Top