
Foreningar og bedrifter
Ønsker du å ta med bedrifta på ei uforgløymeleg oppleving midt i frodige Ryfylke? Les om fasilitetane våre her. Kanskje ei sommaravslutning, ein samanristingstur på hausten, eller for å ha noko kjekt å sjå fram til i den mørke vinteren? Me tek gladeleg i mot bedrifter og tilbyr heile opplevingar med omvisning, historie, smakar, lokal mat og drikke og lovar gjestfritt vertskap! Ønsker de ein kombinasjon av eige opplegg (kva med å invitera med ein musikar til ein minikonsert?), eit møte eller liknande så skreddersyr me etter ønsker. Mange kombinerer ein slik tur med ein båttur i Ryfylke, og det set verkeleg spissen på opplegget! Me serverer 3-retters middag basert på lokale råvarer og anbefaler ulike eplemostar til kvar rett. Epleriet har ikkje skjenkeløyve så arrangement hjå oss er alkoholfrie.
Ta kontakt så finn me eit opplegg som passar deg og di bedrift!










