
Kurs og konferanse
Kva med å gjere litt meir ut av eit kurs/konferanse? Ta gjengen med til frodige Ryfylke og den fruktbare øya Helgøy, så skal du sjå at kreativiteten blomstrar! Me har gode lokaler til opptil 120 mann, projektor og 3 skjermar, godt lydanlegg og ivrig kokk på kjøkkenet som nyttar lokale råvarer. Omvisning i frukthagane og historieformidling høyrer alltid med hjå oss, og sjølvsagt smaksprøvar av aktuell frukt -gjerne rett frå treet! Gardsbutikken er åpen og her kan ein kjøpe med seg heim mange av dei gode smakane.
Ta kontakt så finn me ei løysing som passar deg og dine!












