
Selskap
Ønsker du å feire ein rund dag hjå oss, konfirmasjon, eit jubileum eller eit treff med storfamilien? Les om fasilitetane våre her. Me tek i mot grupper på 20 – 120 personar, og omvisning/historie er alltid inkludert i prisen (ein kan sjølvsagt velge å takke nei men det vil kome som ei eiga linje på fakturaen uansett). Me dekker, pynter borda om du ønsker, serverer og rydder. De kan ha med kakebord sjølv, me har kaffi og te heile festen. Ved kontakt får du tilsendt menyen. Me lagar all mat på Epleriet og bruker det me kan av lokale råvarer. Til drikke har me våre eigne herlige eplemostar med og utan bobler, og mineralvatn. Me har ikkje skjenkeløyve så alle selskap er alkoholfrie.
Pris er per kuvert etter valg av meny og antal gjester. I tillegg vert drikka etterfakturert. Ved små grupper kjem husleige i tillegg.
















