Fruktbare Helgøy
På den vesle øya Helgøy i Årdalsfjorden bur storfamilien Helgøy. Den veglause øya er kjent for å vera fruktbar på eple, pærer, plommer, moreller -og barn! På dei to fruktgardane er det planta om lag 35 000 frukttre etter det moderne tettplantingsprinsippet. Frå blomstringa i mai og til dei siste eplene blir hausta i slutten av oktober er det hovedsesong. Då er det full aktivitet på øya, og opplevelsane er mange og varierte for både auger, luktesans og ikkje minst for smakssansen!

Ein frodig fruktgard i Ryfylke
Helgøy er ei lita veglaus øy i munninga av Årdalsfjorden. Øya ligg i frodige Ryfylke, eit område som er kjent for å ha lange tradisjonar innan fruktdyrking. Det er mange som blandar oss med Helgøy i Sjernarøyane i Finnøy kommune. Den Helgøya ligg litt lengre inn i fjorden.
Les meir om Helgoy
Familien Helgøy
Kristen vaks opp på garden saman med foreldre og 4 søsken. Dei levde av frukta før faren Jon Arne kjøpte seg ein skyssbåt og begynte å føra skuleungar til fastlandet. Etter kvart som Helgøy Skyssbåt vaks fram utdanna Kristen seg til skipper. Nå trivs han godt med variasjonen med å vera på sjøen og på garden.
Les meir om oss


Opplevingar
Frå sommaren 2020 ønsker me velkommen små og større grupper til opplevelsar på Helgøybakkane Fruktgard! Me kan skreddersy opplegg etter ønske, frå familiedagar med enkle aktivitetar til firmaturar og selskap. Ta kontakt!
Eit eksempel: turen kan starta med båttur gjennom Ryfylkeøyane, før ein går i land på Helgøy. Her blir ein tatt med på ein rusletur gjennom frukthagane og opp mot toppen av øya. Smaksprøvar av saft og frukt høyrer sjølvsagt med! I enden av den største frukthagen har me bygd eit servicebygg med kjøkken, toalett og selskapslokale. Her kan ein sitte ned og nyte stemningen og utsikten over frukthagen og Fisterfjorden. Me serverer kaffi med noko attåt, men ønsker ein lunsj så er det etter avtale. Me lagar ein del mat sjølv men har også gode samarbeidspartnarar som kan levere mat.
Gardsbutikken er ein del av bygget og her vil me selge frukta som til ei kvar tid er moden, naboen si herlege eplesaft, heimestrikk, syltetøy, hermetisert frukt og andre kreativitetar.



