Skip to content

Kristen vaks opp på garden saman med foreldre og 4 søsken. Dei levde av frukta før faren Jon Arne og bror hans, Håkon kjøpte seg ein skyssbåt og begynte å føra skuleungar til fastlandet. Etter kvart som Helgøy Skyssbåt vaks fram utdanna Kristen seg til skipper. Nå trivs han godt med variasjonen med å vera på sjøen og på garden.

Anne Norunn er frå ei anna øy, Talgje i gamle Finnøy kommune. Ho vaks opp på gard med foreldre, 3 brør og besteforeldre i nabohuset. I fjoset var det melkeproduksjon og i drivhuset blei det dyrka tomater. Anne Norunn utdanna seg til sjukepleiar og har jobba ein del år i kommunen, innimellom fødselspermisjonar. Nå har ho sitt daglige virke på garden der hovudnæringa er produksjon av frukt til konsum, og etter kvart også turisme.

Me har 4 barn i alderen 10-18 år. Dei er flinke til å hjelpa oss på garden! I tillegg får me god hjelp av foreldre, svigerforeldre, andre familiemedlemmer og venner. Det er kjekt å jobba i lag!

epleriet
IMG_1139
IMG_2007
IMG_0009
Back To Top