Skip to content

Helgøy er ei lita øy i munninga av Årdalsfjorden. Øya ligg i frodige Ryfylke, eit område som er kjent for lange tradisjonar innan fruktdyrking. Det er mange som blandar oss med Helgøy i Sjernarøyane i gamle Finnøy kommune. Den Helgøya ligg litt lengre inn i fjorden. Øya vår ligg tvers av Fiskå i Strand Kommune, men høyrer til i Hjelmeland kommune. I juni 2022 fekk me endeleg bru til fastlandet! Den er 292 meter lang og går til Mosnes på Fister.

Sjølve øya er ikkje meir enn snaut 800 mål stor, og litt over 80 meter høg. Her er 2 gardsbruk og 10 bolighus utanom. I tillegg er det om lag 30 hytter her, der dei fleste blir brukt heile året.

På Helgøy bur det 21 vaksne, og 23 barn/ungdommar. 5 av dei vaksne er pensjonistar, og besteforeldre til ungane som veks opp her. Det er trygt, godt og veldig rikt å bu og veksa opp i eit så lite og tett miljø. Treng ein litt luft eller har andre behov så er ikkje fastlandet langt unna. Her er det flotte turområder og mykje kjekke folk!

Nå er det ca 18-20 årsverk på øya, det syns me er ganske bra med tanke på at det kun er 12 av dei vaksne som er i arbeidsalder. Helgøy Skyssbåt må me kalla hjørnesteinsbedrifta, med sine 12-14 årsverk. Rutetrafikk og taxikjøring er hovudoppdraga deira, så arbeidsdagane er varierte. Fleire av dei som bur på øya har arbeidet sitt i Helgøy Skyssbåt, men det er også folk frå fastlandet som har sitt daglige virke her. Resten av årsverka er fordelt på dei to fruktgardane.

I 2015 overtok me garden frå Kristen sine foreldre, og begynte omlegginga til ny dyrkingsteknikk. Det handlar i hovudsak om tettplanting og beskjæringsteknikk, og tilførsel av gjødsel via vatningsanlegg. På garden har me om lag 18 000 frukttre, deriblant fleire sortar epletre, pære- og morelltre. Våren, når alt blømer, er i fantastisk tid for både auger og luktesansen. Då trur me ikkje det fins finare plass på jord!

På Helgøy har ikkje alltid framtida sett lys ut, men dei som har budd her har vore kjende for positivitet og pågangsmot. På 70-talet budde det 3-4 fastbuande på øya, så kontrasten til i dag er stor. Det fins spennande historiar frå gamledagar om korleis folk budde og levde her, og korleis ting har endra seg til slik Helgøy framstår i dag. Me har lyst å ta vare på historiane og fortelje dei vidare. Kanskje er det noko ein kan lære om livet før i tida og verdiar som er bra å ta med vidare.

IMG_6401
IMG_2304-640x500
IMG_2079
helgoybakkane1
helgobakkane-5
helgobakkane-3
helgoybakkane-1
helgobakkane-4
Back To Top