Skip to content

Begrepet «bærekraft» har nådd oss på Helgøy! Dette var lenge eit framant og nesten litt skummelt ord, som me ikkje kunne forstå at kunne angå oss.. Dei siste åra har heldigvis bærekraft blitt noko som har sett seg i ryggmargen hjå dei fleste av oss, anten me er bevisst det eller ikkje.

Bærekraft er slett ikkje noko nytt og moderne, det var nettopp det farmor på Talgje gjorde då ho omtrent heile julekvelden sat og bretta brukt innpakningspapir fint saman så me kunne bruka dei igjen neste jul. Ho vaska brødposane og hang dei opp til tork ute på snora, og dagen etter at heile storfamilien hadde fått komle til middag, så var det steikt komle på menyen for å bli kvitt restane. Var det ein skalk igjen av brødet som var blitt for hard til å ete, så bløytte ho det opp og gav det til hønene. Farmor altså, for eit førebilete!

På Epleriet prøver me så godt me kan å bruka råvarene frå øya og bygdene rundt, i matlaginga. Me ønsker å vera kreative og nytte restematen, så me slepp å hive noko. Me sorterer søppel etter dei krava som til ei kvar tid er gjeldande. Det er nesten flaut å seia det, men i generasjonane før oss sorterte dei søppel etter prinsippet «Enten så brenn det eller så sykk det!» (i fjorden altså). Det er godt tidene har forandra seg på Helgøy og!

Bærekraft er mykje meir enn søppelhandtering. Det handlar også om å drive på ein økonomisk forsvarleg måte, og å ta vare på både miljøet og arbeidarane våre. På garden vår ordnar me det meste sjølv på vinterhalvåret, men når våren kjem og Epleriet blir fylt opp av bussgrupper og selsakaper, då er det godt å få nokre hjelpande hender. Tante Else, som sjølv har vakse opp på Helgøy, er ansatt hjå oss og er gull verdt i ein hektisk kvardag. På sommaren har me god hjelp av våre eigne ungdommar og andre frå fastlandet. Me prøver å legge til rette for eit godt arbeidsmiljø og ein variert arbeidsdag.

 

Farmor, eit flott eksempel på bærekraft!

 

Back To Top