skip to Main Content

I enden av den største frukthagen vår, med panoramautsikt over Fisterfjorden, ligg det nye selskapslokalet vårt. Etter ein konkurranse på Facebook blei navnet Epleriet, noko som me syns passar godt til både historien vår og oss. Det begynte nemlig med eit eple for vår del (ja, mange fleire enn eitt eple då!). Me overtok ein fruktgard med epleproduksjon som var moden for oppgradering, og «det balla på seg» som me seier! Me fekk lyst å utvida produksjonen med pærer, og etter kvart også moreller. Til slutt (??) kom altså selskapslokalet, med både gardsutsalg og kjøkken. Her produserer me vårt eige syltetøy, hermetiserer moreller og torkar eple. Nå har me fleire føter å stå på og trives supergodt med variasjonane det gjer oss i kvardagen!

På Epleriet tek me i mot grupper etter avtale. Det kan vera ein dag som skal feirast, ein tur med storfamilien eller noko heilt anna. Me tilbyr både kokk og catering, eller så lagar me maten sjølv. Du kjem hit med eigen båt, rutebåt eller taxibåten til Helgøyskyssbåt – www.helgoy.no. Frå våren 2022 kan du til og med koma med eigen bil, over den nye brua!

På Facebook sida vår, Helgøybakkane Fruktgard, eller på Instagram helgoybakkane_fruktgard legg me ut ulike arrangement som ein kan melda seg på. Det kan vera blomstringstur, morellsafari, frukttur, konsert, humorshow, pizzakveld osv. Følg med, også her på nettsida!

Back To Top